Høgres partileiar Erna Solberg har i følge VG innrømt at dei har vore uklare på kva regjeringsalternativ dei støtter seg på til hausten. Som eg tidlegare har skreve, er det svært viktig på fleire måtar at Høgre spelar med opne kort og viser kva regjeringsalternativ som er reelle.
Og resultatet er ikkje uventa. Høgre heilgarderar og seier ja takk til KRF, Venstre og FRP. Men, som kjent har både KRF og Venstre sagt at eit samarbeid med FRP er uaktuelt, så det koker ned til tre regjeringsalternativ til sumaren:
1. SV, AP og SP
2. Høgre, KRF og Venstre
3. Høgre og FRP
Så det store spørsmålet bli jo kva Venstre og KRF gjer om dei kjem i klemma mellom to regjeringsalternativ. Vil dei gå så langt som å ofre eit borgarleg alternativ dersom Høgre vel FRP, og heller støtte dagens regjering? Eit slikt dillemma kan bli høgst aktuelt då KRF og Venstre kan få akkurat nok stemmer til å bli årets politiske vippepinne.
Så må eg berre ta opp eit mediemoment som rett og slett berre irriterte: Solberg vart direkteintervjua av TV2 nyhetene, og nyhetsankeren byrjer fornuftig med å spørje Solberg om korleis ho vurderar at ho skal leie eit parti til regjering når målingar viser at fleire heller vil ha Jens som sjefen over alle sjefer enn Erna. MEN så fortset han med ei tirade der målet er å presse Solberg til å fastsette en prosentandel for seier og konstatere at alt anna er tap, og svare på om ho i så tilfelle trekke seg, eller om ho trekk seg uansett. Eg likar ikkje denne måten å fiske etter konstateringar som seinare kan og vil bli brukt mot ho. Vi husker jo korleis det gjekk med Kristin Halvorsen då ho gjekk hardt ut og lovde si eiga avgang som politiker då barnehageløftet ikkje blei innfridd tidsnok.
Og til TV2, her er spørsmåla De heller kunne stilt:
1. Kvifor har det teke så lang tid for Høgre å vere tydelege på kva regjeringsalternativ dei støttar?
2. Kva diskusjonar har dei hatt med KRF og Venstre i forkant (i forhold til at dei kan havne i vippeposisjon)?
3. Vil Høgre stille som ultimatum at dei får statsministerkandidat ved eit samarbeid med FRP?
4. Korleis vurderer ho at KRF og Venstre ikkje vil støtte FRP?
Du har kanskje sett den eldre mannen som hissar seg opp over at Breivik serverte pølser til “skadde” handballjenter, eller dama som ivrig forklarer at tatovøren tok feil av deaf og death. Begge snuttene skal poengtere at reklame er best på tv. Stemmer det?
Sjølvsagt ikkje. Berre spør ein som har prøvd å sjå ein film på tv3 og blir avbrutt av reklame støtt og stadig. Tviler på at han eller henne meiner det same. Sjølv har eg lite til overs for reklamepauser i filmer. I beste fall blir det nokre hakk i spenningskurven, og i verste fall så øydelegg det heilt samanhengar. Verre er TVNorge sin metode med å dele opp filmen i to og køyre ei nyhets- og sportssending i mellom.
Nei reklame er og blir best i avis. Då er den er lett å hoppe over, samstundes som at nyttig informasjon er tilgjengeleg så lenge ikkje avisa er brukt til oppfyring eller kasta.
Dagens debatt mellom Per-Kristian Foss og Siv Jensen er nok eit nederlag for opposisjonen sine regjeringsplanar. Snart er det berre Erna Solberg som kan få til eit regjeringsskifte. Men det krev at ho må velje sin alliansepartnar, og det tidleg.
Opposisjonen har fått mykje gratis ammunisjon av Regjeringa i det siste. Hijab-saken og NAV sine handteringar av arbeidssituasjonen er to typiske saker som ein opposisjon tradisjonelt skal utnytte til fulle for å påpeike feil og manglar i Regjeringa. Å score politiske poeng på slike saker er ikkje berre enkelt, det er også svært treffsikkert (for Regjeringa har jo allereie innrømma feil i begge sakene).
Problemet er at opposisjonen ikkje framstår som eit lag og står difor ofte i vegen for kvarandre. I dag kunne Per-Kristian Foss skote mot opent mål. I staden blir Foss oppteken med å takle Siv Jensen for hennarutspelomsnik-islamering, og ettar hennar ord, trekke parallellar mellom henne og Hitler. Ein merkverdig formulering med tanke på at Foss og Jensen kan bli regjeringskollegaer.
Venstre og KRF har varsla at det er uaktuelt å samarbeide med FRP, men FRP held dørene opne for alle. Partileiar i Høgre, Erna Solberg, vil ikkje velje side før til hausten. Det trur eg er altfor seint. Skal opposisjonen ha sjanse mot ei robust trepartiregjering så treng dei all ammunisjon dei kan få.
Erna Solberg har to reelle val (sjølv om nokre har føreslått ein AP-Høgre koalisjon som er utenkjeleg på noverande tidspunkt). Ho kan alliere seg med Sponheim og Høybråten og ta avstand frå FRP sine kontroversielle utspel. Det vil nok bli enklast, men ho risikerer å støtte seg på svake partnarar som begge to ligg nære sperregrensa. Eller så kan Solberg alliere seg med FRP. Konfliktane må då takast på bakrommet, og det vil bli ei utfordring å bygge bruer mellom dei to partiprogramma. Fordelen er at FRP nok blir eit stort parti etter haustens val og det er ikkje usannsynleg at Høgre og FRP kan ha nok stemmer til å konstituere anten ei mindretalsregjering eller ei knapp fleirtalsregjering.
Det er noko fascinerande med pinlege hendingar. Eg trur dei fleste har ei eller anna oppleving som dei er fastklemd med for evig fordi det rett og slett var for pinleg til å gløymast. Men det er jo som oftast slik at ein ser litt humoristisk attende på det når tida går litt. Og då kan det endeleg forteljast utan at ein døyr av skam.
Slik som søndagen før eg byrja på vidaregåande. Eg gløymer den aldri. Mamma hadde laga klubb til middag og då den sto å putra maste eg litt om å få lærekøyre. Det fikk eg lov til, og ti minutt seinare sto bilen i flaggstanga. Det er vel ikkje nødvendig å skildre kor trist og pinleg berørt eg var der og då.
Heldigvis er det som oftast ikkje meg det handlar om når eg opplev pinlege hendingar. Det er særleg foran televisjonen eg finn meg sjølv sitjande med henda dekkande over augene og kribling i magen. Uheldigvis så kjem eg ikkje på så mykje anna no enn klippet med Ari Behn der han snakkar svensk til Skavlan. Fortsatt like pinleg, og eg hadde rista på hovudet uansett kven det var som gjorde det. Men det er som med musikk, det krevst berre ein irriterande bra låt på hjerna for å blokkere ut millionar andre songar og tekstar.
Sumaren e komen og graset e grønt. Løvetanna blomstrar og livet e skjønt. Men eg kan ikkje ligge i ro. For eg må oppdatere fjt.no. Følg med, og god sumar!
Nye meiningsmålingtal frå VG skaper eit interessant bilde av haustens valdrama. Sjølv om ein må ta desse tala med ei klype salt er det verdt å gruble på eit hypotetisk utfall som kan føre til at KrF og Venstre til slutt avgjer utfallet.
Det heile byrja som ein idé i jula. Britney Spears hadde nettopp annonsert ein europaturné med stoppested London i juni 2009 og det passa svært godt til å markere at Wenche faktisk har slitt seg gjennom 5 år med juss Dei to dagane vi var der gjekk altfor fort, men her er nokre evigvarande [...]