Kriblande pinleg

19/02/2009

Det er noko fascinerande med pinlege hendingar. Eg trur dei fleste har ei eller anna oppleving som dei er fastklemd med for evig fordi det rett og slett var for pinleg til å gløymast. Men det er jo som oftast slik at ein ser litt humoristisk attende på det når tida går litt. Og då kan det endeleg forteljast utan at ein døyr av skam.

Slik som søndagen før eg byrja på vidaregåande. Eg gløymer den aldri. Mamma hadde laga klubb til middag og då den sto å putra maste eg litt om å få lærekøyre. Det fikk eg lov til, og ti minutt seinare sto bilen i flaggstanga. Det er vel ikkje nødvendig å skildre kor trist og pinleg berørt eg var der og då.

Heldigvis er det som oftast ikkje meg det handlar om når eg opplev pinlege hendingar. Det er særleg foran televisjonen eg finn meg sjølv sitjande med henda dekkande over augene og kribling i magen. Uheldigvis så kjem eg ikkje på så mykje anna no enn klippet med Ari Behn der han snakkar svensk til Skavlan. Fortsatt like pinleg, og eg hadde rista på hovudet uansett kven det var som gjorde det. Men det er som med musikk, det krevst berre ein irriterande bra låt på hjerna for å blokkere ut millionar andre songar og tekstar.

Og det som blokkerar meg no er dette klippet:


Ny vinnermoglegheit på flaxlodd?

27/01/2009

Dagbladet skriv om ein mann som har skrapa to av dei 9 tala på eit vanleg millionflax, og fått to “1-million” tal. Utan å skrape vidare har mannen solgt loddet på Finn.no til høgstbydande på 20.000.

Det er jo genialt at mannen har fått dette til! Det er lite sannsynlig for at det dukker opp et tredje milliontall, og 20.000 i salgsgevinst er derfor ein draum i samanlikning. Blir det slik at det går sport i å skrape to milliontal og selje lodde etterpå?

fl

Av eigen erfaring så er det mange lodd som har berre to milliontal. Og ut av desse lodda er det nærare 18% sjanse for å skrape desse talla etter kverandre. Ergo skjer det relativt ofte. Så det spanande blir om det er fleire så får selt loddet sitt med skyhøge (og sikre) inntekter.


Bergen # veke 5

27/01/2009

Januar er snart omme, varmegradene stig sakte og det kjennast herleg. Her om dagen fikk eg eit lite glimt av våren og eg gler meg allereie. For eg har vel aldri vore noko spesielt glad i kulde.

Det er ikkje så forferdelig mykje nytt som har skjedd sidan sist, det er berre at rutinane med lekse, trening osv. tek merksemda vekk frå blogging. Men noko har jo skjedd, og eg kan iallfall ta eit lite utdrag:

- I dag syns eg litt synd på personen som eig den mørkeblå wolksvagenen utanfor. Det luska nemleg ein P-vakt rundt bilen hans, og no ligg det ein gul lapp i frontruta.

- Det har byrja masse bra på tv (moglegens eg burde skrive eit eige innlegg om det).

- Treninga går framover (men vi fant fort ut at det var svært populært å trene i på kveldstid – så vi held oss til ettermiddagen).

- Engelsk fonetikk er skummelt/gøy.

- Bumptop var ikkje særleg kult. Ja takk til tradisjonelle løysingar av og til.

- Avriming av kjøleskap er (“=#!@£€$. Men vi greidde det OG berga maten.

- Nokon kan ha flaks på flax, slik som mamma som vant 1000 kr her om dagen.

- Det er ikkje alltid så lett å bli kvitt gaver, særleg ikkje når du er passeleg senil.

- Vinmonopolet har masse rart på forskjellige plasser. Ikkje alltid lett å vete kva som er kvar.

- Eg kan lage ein GOD mojito.

- Wenche er ein liten racer på masteroppgåva si. Med denne farten så har ho skrive oppgåva ferdig i februar.

- Sjokoladekake i sånne ein-to-tre pakkar er undervurdert. Kvifor lager eg ikkje en sånn kver helg?

- Bruce Springsteen kjem til Bergen når eg er i London.

- Vi har endeleg fått posten tilbake, utan meir kluss.

- Eg lurer på om eg må kjøpe ei ny engelsk ordbok, sjølv om den eg har er megastor.

- Omelett med sopp, tomat, agurk, skinke, ost og grasløk er ein nydeleg kvelds.


Høyrde du at det ulte?

14/01/2009

I dag klokka 12 ulte det frå Nygårdshøgda. Både Wenche og eg trudde at noko skulle sprengjast lenger opp i gata, men der tok vi feil. Les resten av dette innlegget »