Thrillervalget

16/06/2009

Nye meiningsmålingtal i VG skaper eit interessant bilde av haustens valdrama. Sjølv om ein må ta desse tala med ei klype salt er det verdt å gruble på eit hypotetisk utfall som kan føre til at KrF og Venstre til slutt avgjer utfallet.

Det handler om å akkurat ha nok. Den raudgrøne regjeringa har per dags dato akkurat det med fleirtal i Stortinget. Men i haustens thrillervalg kan forskjellane vere hårfine, og då begge ender dreg like sterkt i tauet er det midtdelen av partilandskapet som avgjer kor det skal slitne.

La oss først sjå på dei siste tala frå Opinion:

Dei raudgrøne: 42,1 %

AP: 29,4 %

SV: 7 %

SP: 5,7 %

FRP: 28,1 %

H: 13,6 %

V: 6,7 %

KrF: 6 %

Restandel: 3,5 %

Kokar vi dette saman til reelle regjeringsalternativ så har dei raudgrøne med 42,1% hårfint meir enn koplinga Høgre og FRP med 41,7%. Venstre og KrF har samla 12,7 % av stemmane, noko som er nok til å gje fleirtal til begge sider. Difor vil teamet KrF og Venstre som har samme ambisjonar om ei sentrumsregjering kunne avgjere det heile ved å velje side.

Så kva side vel dei?

I ein epost frå Dagfinn Høybråten sin rådgjevar Aksel Jakobsen får eg til svar:

KrF mener Norge er best tjent med en regjering uten slagside til ytterpunktene i norsk politikk. Vi vil derfor arbeide for en ikke-sosialistisk regjering med tyngdepunkt i sentrum som alternativ til den sittende regjering. Det avgjørende for KrFs deltagelse i en slik regjering er styrke og gjennomslag for våre verdier og politikk. KrF mener at den rødgrønne regjeringen må få avløsning.

KrFs førstevalg når det gjelder regjering er altså en regjering bestående av Høyre, KrF og Venstre. KrF vil ikke støtte en regjering vi selv ikke er del av. Da går vi i opposisjon.

KrF vil altså ikkje støtte dei raudgrøne. Men dei virker også ganske motvillige til å støtte FRP (berre sjå her). På spørsmål om dei vil støtte FRP eller stille seg i opposisjon får eg i svar at:

“KrF snakker og samarbeider i dag med alle partier på ikke-sosialstisk side. Vi er også åpen for å samarbeide med alle disse partiene etter valget, selv om vi har satt en grense for hvem vi vil sitte i regjering sammen med. Uansett vil vi snakke med alle. KrF har tatt ansvar for å skaffe landet et alternativ til en sosialistisk regjering ved hver eneste korsvei vi har fått anledning til det. Det vil også gjøre om høstens valg gir et annet flertall, og KrF får styrke og gjennomslag for sine verdier og sin politikk.”

FRP må nok fri til KrF dersom dei dei ikkje kaprer nok stemmer saman med Høgre. Det kan verke som om dei allereie har tenkt tanken ved å snakke varmt om kontantstøtte og motsette seg den nye ekteskapslova (to viktige saker for KrF). FRP har også holdt dørene opne for eit mogleg samarbeid med alle parti på borgarleg side.

Venstre vil ikkje støtte FRP. Seniorrådgjevar i Venstres stortingsgruppe, Atle Hagtun, skriv dette:

Dersom de rødgrønne mister flertallet, vil det være duket for en mindretallsregjering. Venstre vil kunne danne regjering med Høyre og andre sentrumspartier ( I praksis Kr F).

Alle andre alternative vil Venstre være i opposisjon til.


Konklusjonen blir at KrF sine stemmer havner hos Høgre/FRP dersom det er nødvendig for å sikre overtak mot dei raudgrøne. Venstre vil gå i opposisjon til FRP og dei raudgrøne, som i praksis betyr at dei går i opposisjon uansett.


Uklar tale frå Erna og forferdelege spørsmål frå TV2

08/05/2009

Høgres partileiar Erna Solberg har i følge VG innrømt at dei har vore uklare på kva regjeringsalternativ dei støtter seg på til hausten. Som eg tidlegare har skreve, er det svært viktig på fleire måtar at Høgre spelar med opne kort og viser kva regjeringsalternativ som er reelle.

Og resultatet er ikkje uventa. Høgre heilgarderar og seier ja takk til KRF, Venstre og FRP. Men, som kjent har både KRF og Venstre sagt at eit samarbeid med FRP er uaktuelt, så det koker ned til tre regjeringsalternativ til sumaren:
1. SV, AP og SP

2. Høgre, KRF og Venstre

3. Høgre og FRP

Så det store spørsmålet bli jo kva Venstre og KRF gjer om dei kjem i klemma mellom to regjeringsalternativ. Vil dei gå så langt som å ofre eit borgarleg alternativ dersom Høgre vel FRP, og heller støtte dagens regjering? Eit slikt dillemma kan bli høgst aktuelt då KRF og Venstre kan få akkurat nok stemmer til å bli årets politiske vippepinne.

Så må eg berre ta opp eit mediemoment som rett og slett berre irriterte: Solberg vart direkteintervjua av TV2 nyhetene, og nyhetsankeren byrjer fornuftig med å spørje Solberg om korleis ho vurderar at ho skal leie eit parti til regjering når målingar viser at fleire heller vil ha Jens som sjefen over alle sjefer enn Erna. MEN så fortset han med ei tirade der målet er å presse Solberg til å fastsette en prosentandel for seier og konstatere at alt anna er tap, og svare på om ho i så tilfelle trekke seg, eller om ho trekk seg uansett. Eg likar ikkje denne måten å fiske etter konstateringar som seinare kan og vil bli brukt mot ho. Vi husker jo korleis det gjekk med Kristin Halvorsen då ho gjekk hardt ut og lovde si eiga avgang som politiker då barnehageløftet ikkje blei innfridd tidsnok.

Og til TV2, her er spørsmåla De heller kunne stilt:

1. Kvifor har det teke så lang tid for Høgre å vere tydelege på kva regjeringsalternativ dei støttar?

2. Kva diskusjonar har dei hatt med KRF og Venstre i forkant (i forhold til at dei kan havne i vippeposisjon)?

3. Vil Høgre stille som ultimatum at dei får statsministerkandidat ved eit samarbeid med FRP?

4. Korleis vurderer ho at KRF og Venstre ikkje vil støtte FRP?


Opposisjonen si regjeringskamp byrjer og sluttar med Høgre

23/02/2009

pol1

Dagens debatt mellom Per-Kristian Foss og Siv Jensen er nok eit nederlag for opposisjonen sine regjeringsplanar. Snart er det berre Erna Solberg som kan få til eit regjeringsskifte. Men det krev at ho må velje sin alliansepartnar, og det tidleg.

Opposisjonen har fått mykje gratis ammunisjon av Regjeringa i det siste. Hijab-saken og NAV sine handteringar av arbeidssituasjonen er to typiske saker som ein opposisjon tradisjonelt skal utnytte til fulle for å påpeike feil og manglar i Regjeringa. Å score politiske poeng på slike saker er ikkje berre enkelt, det er også svært treffsikkert (for Regjeringa har jo allereie innrømma feil i begge sakene).

Problemet er at opposisjonen ikkje framstår som eit lag og står difor ofte i vegen for kvarandre. I dag kunne Per-Kristian Foss skote mot opent mål. I staden blir Foss oppteken med å takle Siv Jensen for hennar utspel om snik-islamering, og ettar hennar ord, trekke parallellar mellom henne og Hitler. Ein merkverdig formulering med tanke på at Foss og Jensen kan bli regjeringskollegaer.

Venstre og KRF har varsla at det er uaktuelt å samarbeide med FRP, men FRP held dørene opne for alle. Partileiar i Høgre, Erna Solberg, vil ikkje velje side før til hausten. Det trur eg er altfor seint. Skal opposisjonen ha sjanse mot ei robust trepartiregjering så treng dei all ammunisjon dei kan få.

Erna Solberg har to reelle val (sjølv om nokre har føreslått ein AP-Høgre koalisjon som er utenkjeleg på noverande tidspunkt). Ho kan alliere seg med Sponheim og Høybråten og ta avstand frå FRP sine kontroversielle utspel. Det vil nok bli enklast, men ho risikerer å støtte seg på svake partnarar som begge to ligg nære sperregrensa. Eller så kan Solberg alliere seg med FRP. Konfliktane må då takast på bakrommet, og det vil bli ei utfordring å bygge bruer mellom dei to partiprogramma. Fordelen er at FRP nok blir eit stort parti etter haustens val og det er ikkje usannsynleg at Høgre og FRP kan ha nok stemmer til å konstituere anten ei mindretalsregjering eller ei knapp fleirtalsregjering.

Så, kva vei burde Erna sjå?


16-åringar med stemmerett

13/02/2009

Kommunal- og regionalminister Kleppa foreslår at 16-åringar skal få stemmerett ved neste kommuneval. Er det ein god ide?

Deltakinga ved kommuneval går stadig nedover. Ved sist val vart det notert eit oppmøte på 61.2%. Med andre ord er det nærare 40% av dei stemmeberettiga som ikkje vel å røyste. Forsking viser at ein større andel av heimesitjarane høyrer til aldersgruppa under 25 år. Så er spørsmålet: er dette eit problem for samfunnet, og viss ja, er stemmerett for 16-åringar rette medisin?

Tanken med å stemme i det heile er både knytt til at vi har ein borgarplikt og ein borgarrett til å delta, styre og forme samfunnet vårt. Men for å gjere demokratiet litt meir effektivt så let vi makta frå kvar enkelt av dei stemmeberettiga flyttast over til folkevalgte (også kjent som eit representativt demokrati). Ved å nytte “ein mann-ein stemme” prinsippet så har kvar stemmeberettiga også like mykje innflytelse på valget.

Kvifor bør vi så stemme? Mange vil nok påpeike både retten og plikten ein har som samfunnsborgar, men like viktig er det å sikre eit godt representativt mandat til dei folkevalde slik at dei legitimt kan styre. Problemet med denne ideen er at den forutset at dei som ikkje stemmer ville endra valresultatet slik at dei folkevalde ikkje lenger er eit speglbilete av dei som bur og lev innanfor valgdistriktet (slik det optimalt burde vere).

valg

Men det kan godt tenkjast at dei som ikkje stemmer gjer det fordi dei er fornøgd med dei sitjande politikarane, eller nyttar andre kanalar for å gje tilbakemeldingar til politikarane (som vurderingsskjema på tenester eller direkte kontakt med politikarane). Difor reknar dei si stemme i val som lite betydningsfullt for eige liv, og reknar heller på kva det kostar av tid og ressursar på å faktisk stemme.

Ein anna viktig faktor er rett og slett uvitenheit og manglande interesse for politikk. Her trur eg ein finn grunnlaget for at særleg dei under 25 ikkje er aktive i politikk eller ved val. Dei er i ein alder der forholdet til kommuna og dei kommunale tenestene ofte er ukomplisert og ganske fastlagd. Mesteparten av tenestene som dei nyttar av kommuna er det som regel foreldra som styrer. Så handlar det å velge også like mykje om kunnskap mellom valga. Kva vits er det å stemme dersom du ikkje aner kven som meiner kva, eller kva forskjell det vil gjere i det store og heile?

Dette fører meg til det siste momentet eg vil ta opp. Det er ein betydeleg forskjell på korleis eit kommunestyre fungerar og korleis stortinget fungerar. På riksnivå ser vi enklare dei store politiske skiljelinene og skjønnar lettare kva konsekvensar som Arbeiderpartiet i regjering vil ha kontra Høgre i regjering. Det vi veit om kommunestyret er at det er mykje meir konsensusprega, og at det er vanskeleg å finne dei same politiske kløftene og skillelinene. Dessutan tenderer vi til å stemme meir på enkeltpersonar enn parti (særleg i mindre kommuner). Det er óg ofte slik at det dannast ei kjerne av personar som sit i kommunestyret, og det er lett å få inntrykket av at det er samme gjengen som styrer over tid. Eit slikt inntrykk vil nok føre til at færre stemmer, då tanken er at dei ikkje påverkar politikken uansett.

Mitt siste poeng er at eg meiner det kanskje er litt naivt å forvente at ungdomen skal vere sterkt politisk engasjert i ei tid der det er mykje anna som skal utforskast og lærast (sjølv om det er prakteksempel på ungdom som er politisk engasjert allereie i den alderen). Eg ville før sett at ein klarte å gjere politikk til eit spanande tema i skulen enn å gje dei stemmerett og forvente at dei skal nytte seg av den. Det er godt mogleg at ekslusiviteten ved å få stemme som 16-åring vil tiltrekke seg nokre fleire enn det som er normalt for den aldersgruppa, men på sikt trur eg vi ender på same konklusjon som forsøket med direkte ordførarval: liten effekt.