21/04/2009
Du har kanskje sett den eldre mannen som hissar seg opp over at Breivik serverte pølser til “skadde” handballjenter, eller dama som ivrig forklarer at tatovøren tok feil av deaf og death. Begge snuttene skal poengtere at reklame er best på tv. Stemmer det?
Sjølvsagt ikkje. Berre spør ein som har prøvd å sjå ein film på tv3 og blir avbrutt av reklame støtt og stadig. Tviler på at han eller henne meiner det same. Sjølv har eg lite til overs for reklamepauser i filmer. I beste fall blir det nokre hakk i spenningskurven, og i verste fall så øydelegg det heilt samanhengar. Verre er TVNorge sin metode med å dele opp filmen i to og køyre ei nyhets- og sportssending i mellom.
Nei reklame er og blir best i avis. Då er den er lett å hoppe over, samstundes som at nyttig informasjon er tilgjengeleg så lenge ikkje avisa er brukt til oppfyring eller kasta.
2 kommentarar |
Meininger | Merka som: avis, media, reklame, tv3 |
Direktelenkje
Posta av johnivar
19/02/2009
Det er noko fascinerande med pinlege hendingar. Eg trur dei fleste har ei eller anna oppleving som dei er fastklemd med for evig fordi det rett og slett var for pinleg til å gløymast. Men det er jo som oftast slik at ein ser litt humoristisk attende på det når tida går litt. Og då kan det endeleg forteljast utan at ein døyr av skam.
Slik som søndagen før eg byrja på vidaregåande. Eg gløymer den aldri. Mamma hadde laga klubb til middag og då den sto å putra maste eg litt om å få lærekøyre. Det fikk eg lov til, og ti minutt seinare sto bilen i flaggstanga. Det er vel ikkje nødvendig å skildre kor trist og pinleg berørt eg var der og då.
Heldigvis er det som oftast ikkje meg det handlar om når eg opplev pinlege hendingar. Det er særleg foran televisjonen eg finn meg sjølv sitjande med henda dekkande over augene og kribling i magen. Uheldigvis så kjem eg ikkje på så mykje anna no enn klippet med Ari Behn der han snakkar svensk til Skavlan. Fortsatt like pinleg, og eg hadde rista på hovudet uansett kven det var som gjorde det. Men det er som med musikk, det krevst berre ein irriterande bra låt på hjerna for å blokkere ut millionar andre songar og tekstar.
Og det som blokkerar meg no er dette klippet:
3 kommentarar |
Meininger, Musikk, Opplevingar, Ting som skjer |
Direktelenkje
Posta av johnivar
13/02/2009
Kommunal- og regionalminister Kleppa foreslår at 16-åringar skal få stemmerett ved neste kommuneval. Er det ein god ide?
Deltakinga ved kommuneval går stadig nedover. Ved sist val vart det notert eit oppmøte på 61.2%. Med andre ord er det nærare 40% av dei stemmeberettiga som ikkje vel å røyste. Forsking viser at ein større andel av heimesitjarane høyrer til aldersgruppa under 25 år. Så er spørsmålet: er dette eit problem for samfunnet, og viss ja, er stemmerett for 16-åringar rette medisin?
Tanken med å stemme i det heile er både knytt til at vi har ein borgarplikt og ein borgarrett til å delta, styre og forme samfunnet vårt. Men for å gjere demokratiet litt meir effektivt så let vi makta frå kvar enkelt av dei stemmeberettiga flyttast over til folkevalgte (også kjent som eit representativt demokrati). Ved å nytte “ein mann-ein stemme” prinsippet så har kvar stemmeberettiga også like mykje innflytelse på valget.
Kvifor bør vi så stemme? Mange vil nok påpeike både retten og plikten ein har som samfunnsborgar, men like viktig er det å sikre eit godt representativt mandat til dei folkevalde slik at dei legitimt kan styre. Problemet med denne ideen er at den forutset at dei som ikkje stemmer ville endra valresultatet slik at dei folkevalde ikkje lenger er eit speglbilete av dei som bur og lev innanfor valgdistriktet (slik det optimalt burde vere).

Men det kan godt tenkjast at dei som ikkje stemmer gjer det fordi dei er fornøgd med dei sitjande politikarane, eller nyttar andre kanalar for å gje tilbakemeldingar til politikarane (som vurderingsskjema på tenester eller direkte kontakt med politikarane). Difor reknar dei si stemme i val som lite betydningsfullt for eige liv, og reknar heller på kva det kostar av tid og ressursar på å faktisk stemme.
Ein anna viktig faktor er rett og slett uvitenheit og manglande interesse for politikk. Her trur eg ein finn grunnlaget for at særleg dei under 25 ikkje er aktive i politikk eller ved val. Dei er i ein alder der forholdet til kommuna og dei kommunale tenestene ofte er ukomplisert og ganske fastlagd. Mesteparten av tenestene som dei nyttar av kommuna er det som regel foreldra som styrer. Så handlar det å velge også like mykje om kunnskap mellom valga. Kva vits er det å stemme dersom du ikkje aner kven som meiner kva, eller kva forskjell det vil gjere i det store og heile?
Dette fører meg til det siste momentet eg vil ta opp. Det er ein betydeleg forskjell på korleis eit kommunestyre fungerar og korleis stortinget fungerar. På riksnivå ser vi enklare dei store politiske skiljelinene og skjønnar lettare kva konsekvensar som Arbeiderpartiet i regjering vil ha kontra Høgre i regjering. Det vi veit om kommunestyret er at det er mykje meir konsensusprega, og at det er vanskeleg å finne dei same politiske kløftene og skillelinene. Dessutan tenderer vi til å stemme meir på enkeltpersonar enn parti (særleg i mindre kommuner). Det er óg ofte slik at det dannast ei kjerne av personar som sit i kommunestyret, og det er lett å få inntrykket av at det er samme gjengen som styrer over tid. Eit slikt inntrykk vil nok føre til at færre stemmer, då tanken er at dei ikkje påverkar politikken uansett.
Mitt siste poeng er at eg meiner det kanskje er litt naivt å forvente at ungdomen skal vere sterkt politisk engasjert i ei tid der det er mykje anna som skal utforskast og lærast (sjølv om det er prakteksempel på ungdom som er politisk engasjert allereie i den alderen). Eg ville før sett at ein klarte å gjere politikk til eit spanande tema i skulen enn å gje dei stemmerett og forvente at dei skal nytte seg av den. Det er godt mogleg at ekslusiviteten ved å få stemme som 16-åring vil tiltrekke seg nokre fleire enn det som er normalt for den aldersgruppa, men på sikt trur eg vi ender på same konklusjon som forsøket med direkte ordførarval: liten effekt.
Legg att ein kommentar » |
Meininger, politikk | Merka som: demokrati, kleppa, kommunevalg, politikk, ungdom, valg |
Direktelenkje
Posta av johnivar