Høgres partileiar Erna Solberg har i følge VG innrømt at dei har vore uklare på kva regjeringsalternativ dei støtter seg på til hausten. Som eg tidlegare har skreve, er det svært viktig på fleire måtar at Høgre spelar med opne kort og viser kva regjeringsalternativ som er reelle.
Og resultatet er ikkje uventa. Høgre heilgarderar og seier ja takk til KRF, Venstre og FRP. Men, som kjent har både KRF og Venstre sagt at eit samarbeid med FRP er uaktuelt, så det koker ned til tre regjeringsalternativ til sumaren:
1. SV, AP og SP
2. Høgre, KRF og Venstre
3. Høgre og FRP
Så det store spørsmålet bli jo kva Venstre og KRF gjer om dei kjem i klemma mellom to regjeringsalternativ. Vil dei gå så langt som å ofre eit borgarleg alternativ dersom Høgre vel FRP, og heller støtte dagens regjering? Eit slikt dillemma kan bli høgst aktuelt då KRF og Venstre kan få akkurat nok stemmer til å bli årets politiske vippepinne.
Så må eg berre ta opp eit mediemoment som rett og slett berre irriterte: Solberg vart direkteintervjua av TV2 nyhetene, og nyhetsankeren byrjer fornuftig med å spørje Solberg om korleis ho vurderar at ho skal leie eit parti til regjering når målingar viser at fleire heller vil ha Jens som sjefen over alle sjefer enn Erna. MEN så fortset han med ei tirade der målet er å presse Solberg til å fastsette en prosentandel for seier og konstatere at alt anna er tap, og svare på om ho i så tilfelle trekke seg, eller om ho trekk seg uansett. Eg likar ikkje denne måten å fiske etter konstateringar som seinare kan og vil bli brukt mot ho. Vi husker jo korleis det gjekk med Kristin Halvorsen då ho gjekk hardt ut og lovde si eiga avgang som politiker då barnehageløftet ikkje blei innfridd tidsnok.
Og til TV2, her er spørsmåla De heller kunne stilt:
1. Kvifor har det teke så lang tid for Høgre å vere tydelege på kva regjeringsalternativ dei støttar?
2. Kva diskusjonar har dei hatt med KRF og Venstre i forkant (i forhold til at dei kan havne i vippeposisjon)?
3. Vil Høgre stille som ultimatum at dei får statsministerkandidat ved eit samarbeid med FRP?
4. Korleis vurderer ho at KRF og Venstre ikkje vil støtte FRP?
Posta av johnivar