Reklame er best på tv ?

Du har kanskje sett den eldre mannen som hissar seg opp over at Breivik serverte pølser til “skadde” handballjenter, eller dama som ivrig forklarer at tatovøren tok feil av deaf og death. Begge snuttene skal poengtere at reklame er best på tv. Stemmer det?

Sjølvsagt ikkje. Berre spør ein som har prøvd å sjå ein film på tv3 og blir avbrutt av reklame støtt og stadig. Tviler på at han eller henne meiner det same. Sjølv har eg lite til overs for reklamepauser i filmer. I beste fall blir det nokre hakk i spenningskurven, og i verste fall så øydelegg det heilt samanhengar. Verre er TVNorge sin metode med å dele opp filmen i to og køyre ei nyhets- og sportssending i mellom.

Nei reklame er og blir best i avis. Då er den er lett å hoppe over, samstundes som at nyttig informasjon er tilgjengeleg så lenge ikkje avisa er brukt til oppfyring eller kasta.

2 kommentarar til “Reklame er best på tv ?”

  1. shoops seier:

    Men han som tek feil av death og deaf er hysterisk morsom… :D

  2. johnivar seier:

    Absolutt. Eller den var iallfall morsom når den var ny:D Men eg småflirer fortsatt når eg høyrer “Ikkje noko F nei” :)

Legg att eit svar