Opposisjonen si regjeringskamp byrjer og sluttar med Høgre

pol1

Dagens debatt mellom Per-Kristian Foss og Siv Jensen er nok eit nederlag for opposisjonen sine regjeringsplanar. Snart er det berre Erna Solberg som kan få til eit regjeringsskifte. Men det krev at ho må velje sin alliansepartnar, og det tidleg.

Opposisjonen har fått mykje gratis ammunisjon av Regjeringa i det siste. Hijab-saken og NAV sine handteringar av arbeidssituasjonen er to typiske saker som ein opposisjon tradisjonelt skal utnytte til fulle for å påpeike feil og manglar i Regjeringa. Å score politiske poeng på slike saker er ikkje berre enkelt, det er også svært treffsikkert (for Regjeringa har jo allereie innrømma feil i begge sakene).

Problemet er at opposisjonen ikkje framstår som eit lag og står difor ofte i vegen for kvarandre. I dag kunne Per-Kristian Foss skote mot opent mål. I staden blir Foss oppteken med å takle Siv Jensen for hennar utspel om snik-islamering, og ettar hennar ord, trekke parallellar mellom henne og Hitler. Ein merkverdig formulering med tanke på at Foss og Jensen kan bli regjeringskollegaer.

Venstre og KRF har varsla at det er uaktuelt å samarbeide med FRP, men FRP held dørene opne for alle. Partileiar i Høgre, Erna Solberg, vil ikkje velje side før til hausten. Det trur eg er altfor seint. Skal opposisjonen ha sjanse mot ei robust trepartiregjering så treng dei all ammunisjon dei kan få.

Erna Solberg har to reelle val (sjølv om nokre har føreslått ein AP-Høgre koalisjon som er utenkjeleg på noverande tidspunkt). Ho kan alliere seg med Sponheim og Høybråten og ta avstand frå FRP sine kontroversielle utspel. Det vil nok bli enklast, men ho risikerer å støtte seg på svake partnarar som begge to ligg nære sperregrensa. Eller så kan Solberg alliere seg med FRP. Konfliktane må då takast på bakrommet, og det vil bli ei utfordring å bygge bruer mellom dei to partiprogramma. Fordelen er at FRP nok blir eit stort parti etter haustens val og det er ikkje usannsynleg at Høgre og FRP kan ha nok stemmer til å konstituere anten ei mindretalsregjering eller ei knapp fleirtalsregjering.

Så, kva vei burde Erna sjå?

3 kommentarar til “Opposisjonen si regjeringskamp byrjer og sluttar med Høgre”

  1. tine seier:

    Erna får bare kjøre sin eget kjør rett i bunnen.

    jeg er ferdig med det partiet nå, og jeg er ferdig med APE. Nå blir det Siv i mange mange år fremover.

    Hun er den enesten dama som har mot og styrke og vilje til å forandre vårt samfunn, rydde opp og finne tilbake til våre gode norske verdier.

  2. FrittForum seier:

    Høyreledelsen har alt valgt side, det er det den gjør med slike fiendtlige fortolkninger av Siv Jensens landsstyretale. Høyres problem har siden Kåre Willoch la seg på den partistrategien å isolere FrP i 1980, det har vært å forklare egne velgere hvorfor Høyre ikke vil samarbeide med FrP. Og det har da Høyres ledelse holdt på med siden da, og brukt venstresidens mest utrerte demagogi og de mest fiendtlige fortolkninger av FrPs motiver og hensikter, for å forklare sine egne velgere dette.

    Men så skjedde det, etter katastrofevalget for Høyre i 2005. På neste landmøte i Høyre, fikk grasrota tvunget igjennom et krav om at Høyres regjeringsstrategi skulle være å søke samarbeid med FrP.

    Men det ulyksalige var at grasrota i partiet ikke samtidig byttet ut den ledelsen som hadde all prestisje i Willochs partistrategi siden 1980. Men denne ledelsen ville Høyre møte seg selv i døra, og Venstre ville utnytte dette til fulle for å holde på de velgerne partiet har tok fra Høyre i valget.

    Og det vi har sett fra Høyre overfor FrP har ikke vært annet enn mer eller mindre subtile men grovt fiendtlige fortolkninger av FrP.

    Det den nåværende høyreledelsen jobber på er å finne det fikenblandet den trenger for å kunne gå ut til sitt landsmøte og sine velger å si at de ikke kan samarbeide med FrP likevel.

    Det er derfor Høyre bruker sånne anledninger som dette til å gå i strupen på FrP.

  3. Uklar tale frå Erna og forferdelege spørsmål frå TV2 « Jios boble seier:

    [...] har vore uklare på kva regjeringsalternativ dei støtter seg på til hausten. Som eg tidlegare har skreve, er det svært viktig på fleire måtar at Høgre spelar med opne kort og viser kva [...]

Legg att eit svar