Opposisjonen si regjeringskamp byrjer og sluttar med Høgre

23/02/2009

pol1

Dagens debatt mellom Per-Kristian Foss og Siv Jensen er nok eit nederlag for opposisjonen sine regjeringsplanar. Snart er det berre Erna Solberg som kan få til eit regjeringsskifte. Men det krev at ho må velje sin alliansepartnar, og det tidleg.

Opposisjonen har fått mykje gratis ammunisjon av Regjeringa i det siste. Hijab-saken og NAV sine handteringar av arbeidssituasjonen er to typiske saker som ein opposisjon tradisjonelt skal utnytte til fulle for å påpeike feil og manglar i Regjeringa. Å score politiske poeng på slike saker er ikkje berre enkelt, det er også svært treffsikkert (for Regjeringa har jo allereie innrømma feil i begge sakene).

Problemet er at opposisjonen ikkje framstår som eit lag og står difor ofte i vegen for kvarandre. I dag kunne Per-Kristian Foss skote mot opent mål. I staden blir Foss oppteken med å takle Siv Jensen for hennar utspel om snik-islamering, og ettar hennar ord, trekke parallellar mellom henne og Hitler. Ein merkverdig formulering med tanke på at Foss og Jensen kan bli regjeringskollegaer.

Venstre og KRF har varsla at det er uaktuelt å samarbeide med FRP, men FRP held dørene opne for alle. Partileiar i Høgre, Erna Solberg, vil ikkje velje side før til hausten. Det trur eg er altfor seint. Skal opposisjonen ha sjanse mot ei robust trepartiregjering så treng dei all ammunisjon dei kan få.

Erna Solberg har to reelle val (sjølv om nokre har føreslått ein AP-Høgre koalisjon som er utenkjeleg på noverande tidspunkt). Ho kan alliere seg med Sponheim og Høybråten og ta avstand frå FRP sine kontroversielle utspel. Det vil nok bli enklast, men ho risikerer å støtte seg på svake partnarar som begge to ligg nære sperregrensa. Eller så kan Solberg alliere seg med FRP. Konfliktane må då takast på bakrommet, og det vil bli ei utfordring å bygge bruer mellom dei to partiprogramma. Fordelen er at FRP nok blir eit stort parti etter haustens val og det er ikkje usannsynleg at Høgre og FRP kan ha nok stemmer til å konstituere anten ei mindretalsregjering eller ei knapp fleirtalsregjering.

Så, kva vei burde Erna sjå?


Kriblande pinleg

19/02/2009

Det er noko fascinerande med pinlege hendingar. Eg trur dei fleste har ei eller anna oppleving som dei er fastklemd med for evig fordi det rett og slett var for pinleg til å gløymast. Men det er jo som oftast slik at ein ser litt humoristisk attende på det når tida går litt. Og då kan det endeleg forteljast utan at ein døyr av skam.

Slik som søndagen før eg byrja på vidaregåande. Eg gløymer den aldri. Mamma hadde laga klubb til middag og då den sto å putra maste eg litt om å få lærekøyre. Det fikk eg lov til, og ti minutt seinare sto bilen i flaggstanga. Det er vel ikkje nødvendig å skildre kor trist og pinleg berørt eg var der og då.

Heldigvis er det som oftast ikkje meg det handlar om når eg opplev pinlege hendingar. Det er særleg foran televisjonen eg finn meg sjølv sitjande med henda dekkande over augene og kribling i magen. Uheldigvis så kjem eg ikkje på så mykje anna no enn klippet med Ari Behn der han snakkar svensk til Skavlan. Fortsatt like pinleg, og eg hadde rista på hovudet uansett kven det var som gjorde det. Men det er som med musikk, det krevst berre ein irriterande bra låt på hjerna for å blokkere ut millionar andre songar og tekstar.

Og det som blokkerar meg no er dette klippet:


16-åringar med stemmerett

13/02/2009

Kommunal- og regionalminister Kleppa foreslår at 16-åringar skal få stemmerett ved neste kommuneval. Er det ein god ide?

Deltakinga ved kommuneval går stadig nedover. Ved sist val vart det notert eit oppmøte på 61.2%. Med andre ord er det nærare 40% av dei stemmeberettiga som ikkje vel å røyste. Forsking viser at ein større andel av heimesitjarane høyrer til aldersgruppa under 25 år. Så er spørsmålet: er dette eit problem for samfunnet, og viss ja, er stemmerett for 16-åringar rette medisin?

Tanken med å stemme i det heile er både knytt til at vi har ein borgarplikt og ein borgarrett til å delta, styre og forme samfunnet vårt. Men for å gjere demokratiet litt meir effektivt så let vi makta frå kvar enkelt av dei stemmeberettiga flyttast over til folkevalgte (også kjent som eit representativt demokrati). Ved å nytte “ein mann-ein stemme” prinsippet så har kvar stemmeberettiga også like mykje innflytelse på valget.

Kvifor bør vi så stemme? Mange vil nok påpeike både retten og plikten ein har som samfunnsborgar, men like viktig er det å sikre eit godt representativt mandat til dei folkevalde slik at dei legitimt kan styre. Problemet med denne ideen er at den forutset at dei som ikkje stemmer ville endra valresultatet slik at dei folkevalde ikkje lenger er eit speglbilete av dei som bur og lev innanfor valgdistriktet (slik det optimalt burde vere).

valg

Men det kan godt tenkjast at dei som ikkje stemmer gjer det fordi dei er fornøgd med dei sitjande politikarane, eller nyttar andre kanalar for å gje tilbakemeldingar til politikarane (som vurderingsskjema på tenester eller direkte kontakt med politikarane). Difor reknar dei si stemme i val som lite betydningsfullt for eige liv, og reknar heller på kva det kostar av tid og ressursar på å faktisk stemme.

Ein anna viktig faktor er rett og slett uvitenheit og manglande interesse for politikk. Her trur eg ein finn grunnlaget for at særleg dei under 25 ikkje er aktive i politikk eller ved val. Dei er i ein alder der forholdet til kommuna og dei kommunale tenestene ofte er ukomplisert og ganske fastlagd. Mesteparten av tenestene som dei nyttar av kommuna er det som regel foreldra som styrer. Så handlar det å velge også like mykje om kunnskap mellom valga. Kva vits er det å stemme dersom du ikkje aner kven som meiner kva, eller kva forskjell det vil gjere i det store og heile?

Dette fører meg til det siste momentet eg vil ta opp. Det er ein betydeleg forskjell på korleis eit kommunestyre fungerar og korleis stortinget fungerar. På riksnivå ser vi enklare dei store politiske skiljelinene og skjønnar lettare kva konsekvensar som Arbeiderpartiet i regjering vil ha kontra Høgre i regjering. Det vi veit om kommunestyret er at det er mykje meir konsensusprega, og at det er vanskeleg å finne dei same politiske kløftene og skillelinene. Dessutan tenderer vi til å stemme meir på enkeltpersonar enn parti (særleg i mindre kommuner). Det er óg ofte slik at det dannast ei kjerne av personar som sit i kommunestyret, og det er lett å få inntrykket av at det er samme gjengen som styrer over tid. Eit slikt inntrykk vil nok føre til at færre stemmer, då tanken er at dei ikkje påverkar politikken uansett.

Mitt siste poeng er at eg meiner det kanskje er litt naivt å forvente at ungdomen skal vere sterkt politisk engasjert i ei tid der det er mykje anna som skal utforskast og lærast (sjølv om det er prakteksempel på ungdom som er politisk engasjert allereie i den alderen). Eg ville før sett at ein klarte å gjere politikk til eit spanande tema i skulen enn å gje dei stemmerett og forvente at dei skal nytte seg av den. Det er godt mogleg at ekslusiviteten ved å få stemme som 16-åring vil tiltrekke seg nokre fleire enn det som er normalt for den aldersgruppa, men på sikt trur eg vi ender på same konklusjon som forsøket med direkte ordførarval: liten effekt.


Slaps og FRP

12/02/2009

No er eg lei av å være våt på skoa og dra inn et par liter vatn og grus kver gong eg må ut et ærend. Men det er februar, og slaps høyrer med til pakka. Så eg bit det i meg og ventar det ut. Eg har nemleg teknologien på min side. Kvar morgon våkner eg av lyset frå wake-up lampa som gradvis vert sterkare, og det kjennest nett ut som når solstrålane srglimtar inn i vindaugsruta ein junidag. Så har eg timer på varmeomnen så det er passeleg varmt i stua når eg står opp. Og slik skal eg gjere det til sola både varmer og lyser opp morgonane mine.

 

Elles er det interessant å lese om FRP som visstnok planlegg 20 år i regjering etter haustens valg. Kjære FRP – det er like sannsynleg at Kina vert eit demokrati (og dei har sett ei tidsramme på 1000 år for å få det til). No har eg lest partiprogrammet til FRP og det kjem nok eit innlegg om det med tid og stunder.

 

Håpar DU får ei fin helg og ein romantisk valentine ;)

PS. Stem gjerne på bloggen min: Kva skjer først? FRP som regjeringsparti i 20 år eller Kina som demokrati?

http://johnivar.wordpress.com