Januar er snart omme, varmegradene stig sakte og det kjennast herleg. Her om dagen fikk eg eit lite glimt av våren og eg gler meg allereie. For eg har vel aldri vore noko spesielt glad i kulde.
Det er ikkje så forferdelig mykje nytt som har skjedd sidan sist, det er berre at rutinane med lekse, trening osv. tek merksemda vekk frå blogging. Men noko har jo skjedd, og eg kan iallfall ta eit lite utdrag:
- I dag syns eg litt synd på personen som eig den mørkeblå wolksvagenen utanfor. Det luska nemleg ein P-vakt rundt bilen hans, og no ligg det ein gul lapp i frontruta.
- Det har byrja masse bra på tv (moglegens eg burde skrive eit eige innlegg om det).
- Treninga går framover (men vi fant fort ut at det var svært populært å trene i på kveldstid – så vi held oss til ettermiddagen).
- Engelsk fonetikk er skummelt/gøy.
- Bumptop var ikkje særleg kult. Ja takk til tradisjonelle løysingar av og til.
- Avriming av kjøleskap er (“=#!@£€$. Men vi greidde det OG berga maten.
- Nokon kan ha flaks på flax, slik som mamma som vant 1000 kr her om dagen.
- Det er ikkje alltid så lett å bli kvitt gaver, særleg ikkje når du er passeleg senil.
- Vinmonopolet har masse rart på forskjellige plasser. Ikkje alltid lett å vete kva som er kvar.
- Eg kan lage ein GOD mojito.
- Wenche er ein liten racer på masteroppgåva si. Med denne farten så har ho skrive oppgåva ferdig i februar.
- Sjokoladekake i sånne ein-to-tre pakkar er undervurdert. Kvifor lager eg ikkje en sånn kver helg?
- Bruce Springsteen kjem til Bergen når eg er i London.
- Vi har endeleg fått posten tilbake, utan meir kluss.
- Eg lurer på om eg må kjøpe ei ny engelsk ordbok, sjølv om den eg har er megastor.
- Omelett med sopp, tomat, agurk, skinke, ost og grasløk er ein nydeleg kvelds.