Kva kjenneteikner ein eksepsjonelt god film eller framsyning?
For meg er det at den fangar noko i meg, og klarer å halde på merksemda mi i dager etter filmen er sett eller scenelysa er slukka. Les Miserables oppført av Den Nationale Scene i Bergen er ei slik eksepsjonelt god framsyning. Bare dimensjonane i stykket er i seg sjølv forbløffande. Det er ein krevjande musikal med fleire ledande roller, som skal fyljast av både ein teknisk dyktig og karismatisk skodespelar og songar.
I tillegg har statistane ein viktig funksjon som kor og støttespelarar. At dei klarer å fylje ei slik oppsetning med så fantastiske skodespelarar og songarar er imponerande. Og her er det særleg hovedrolleinnhavar Sigurd Sele som leverar kvalitet så det oser av.
Dei som rekk å sjå denne framsyninga før DNS tek den av har fått ei oppleving som vil vare lenge.