Tradisjonen tru sto vi i år óg i småstrandgaten klokka seks og såg at julegata blei tent. Men sikkert på grunn av den internasjonale finanskrisa så var det spinkelt med underhaldning, og verken musikalske nissekor eller vandrande juletre var å sjå i gatene.
Men det som verkeleg er blitt ein juletradisjon er lysfesten og fyrverkeriet. Eit lite must for oss som er så priveliegerte å bu i Bergen by, og som byrjer i morgon frå klokka 16.00 på festplassen.
Dette er tenninga av julegata som eg tok opp med mitt fotokamera (derav kvaliteten).
Snart er det fyrste desember og det er deilig! Jula er noko spesielt, uansett om ein føler den allereie har vart ei god stund på grunn av snø og tidleg plassering av juleprodukter. Men eg har funne ut at det ikkje nyttar å irritere seg over dette lenger. Det er berre å ignorere det og vente med innkjøpinga, så blir det ekstra kos å skrelle seg ei mandarin eller sprette den første julebrusflaska den fyrste desember.
Då eg er tidleg ferdig med eksamen så har eg god tid til å planlegge julegåvene i år. Det meste veit eg allereie, og noko er til og med bestilt. Det er alltid ei utfordring og finne rett gåve til rett person, og særleg vanskeleg er det å kjøpe gåver til dei eg aldri har kjøpt til før. Men enn så lenge ligg eg foran skjemaet.
Det som er herlig med denne veka vi er inne i no er at det blir markert at no er det jul i Bergen. På fredag tennast julegata, og på lørdag er det lysfest og tenning av julegrana på lille lundegårdsvann. All ære til Bergens Tidende som skapar ekte julekos og eit flott fyrverkeri attåt.
Men i kveld kom eg til å sjå ei tv-reklame for posten der dei forkynner det stressande bodskap, og spør pent om ein kan sende gåvene tidleg i desember (og helst før den 16) for å unngå kaos. Og eg skjønnar posten godt. Dei gjer det dei kan for å opplyse oss om at dei ynskjer å levere pakkane våre på ein smertefri måte, men at dei ikkje kan trylle mange tonn med julepakker på rett plass i siste liten. Så har du julegåver som må sendast – send det tidleg. Det er i allfall ikkje posten sitt ansvar at folk kjem i siste liten og håper på mirakler. Verre er det om dei klagar på Posten i tillegg!
MEN i staden for å ta posten for seine julegåver levert etter 16 desember, så kan ein gjerne refse dei for det vanvittige pengesluket dei har brukt på ny logo. 300 millionar kroner, som kunne vore brukt på andre viktige samfunnsområder. Det er fjåleri i høgste klasse, og det meiner eg at både Posten og regjeringa slapp alt for billeg unna med.
Sumaren e komen og graset e grønt. Løvetanna blomstrar og livet e skjønt. Men eg kan ikkje ligge i ro. For eg må oppdatere fjt.no. Følg med, og god sumar!
Nye meiningsmålingtal frå VG skaper eit interessant bilde av haustens valdrama. Sjølv om ein må ta desse tala med ei klype salt er det verdt å gruble på eit hypotetisk utfall som kan føre til at KrF og Venstre til slutt avgjer utfallet.
Det heile byrja som ein idé i jula. Britney Spears hadde nettopp annonsert ein europaturné med stoppested London i juni 2009 og det passa svært godt til å markere at Wenche faktisk har slitt seg gjennom 5 år med juss Dei to dagane vi var der gjekk altfor fort, men her er nokre evigvarande [...]