Stortingsvalg 09
juni 16, 2009Sumar og jobb
juni 20, 2009Sumaren e komen og graset e grønt. Løvetanna blomstrar og livet e skjønt. Men eg kan ikkje ligge i ro. For eg må oppdatere fjt.no.
Følg med, og god sumar!
Thrillervalget
juni 16, 2009Nye meiningsmålingtal i VG skaper eit interessant bilde av haustens valdrama. Sjølv om ein må ta desse tala med ei klype salt er det verdt å gruble på eit hypotetisk utfall som kan føre til at KrF og Venstre til slutt avgjer utfallet.
Det handler om å akkurat ha nok. Den raudgrøne regjeringa har per dags dato akkurat det med fleirtal i Stortinget. Men i haustens thrillervalg kan forskjellane vere hårfine, og då begge ender dreg like sterkt i tauet er det midtdelen av partilandskapet som avgjer kor det skal slitne.
La oss først sjå på dei siste tala frå Opinion:
Dei raudgrøne: 42,1 %
AP: 29,4 %
SV: 7 %
SP: 5,7 %
–
FRP: 28,1 %
H: 13,6 %
V: 6,7 %
KrF: 6 %
Restandel: 3,5 %
–
Kokar vi dette saman til reelle regjeringsalternativ så har dei raudgrøne med 42,1% hårfint meir enn koplinga Høgre og FRP med 41,7%. Venstre og KrF har samla 12,7 % av stemmane, noko som er nok til å gje fleirtal til begge sider. Difor vil teamet KrF og Venstre som har samme ambisjonar om ei sentrumsregjering kunne avgjere det heile ved å velje side.
Så kva side vel dei?
I ein epost frå Dagfinn Høybråten sin rådgjevar Aksel Jakobsen får eg til svar:
KrF mener Norge er best tjent med en regjering uten slagside til ytterpunktene i norsk politikk. Vi vil derfor arbeide for en ikke-sosialistisk regjering med tyngdepunkt i sentrum som alternativ til den sittende regjering. Det avgjørende for KrFs deltagelse i en slik regjering er styrke og gjennomslag for våre verdier og politikk. KrF mener at den rødgrønne regjeringen må få avløsning.
KrFs førstevalg når det gjelder regjering er altså en regjering bestående av Høyre, KrF og Venstre. KrF vil ikke støtte en regjering vi selv ikke er del av. Da går vi i opposisjon.
KrF vil altså ikkje støtte dei raudgrøne. Men dei virker også ganske motvillige til å støtte FRP (berre sjå her). På spørsmål om dei vil støtte FRP eller stille seg i opposisjon får eg i svar at:
“KrF snakker og samarbeider i dag med alle partier på ikke-sosialstisk side. Vi er også åpen for å samarbeide med alle disse partiene etter valget, selv om vi har satt en grense for hvem vi vil sitte i regjering sammen med. Uansett vil vi snakke med alle. KrF har tatt ansvar for å skaffe landet et alternativ til en sosialistisk regjering ved hver eneste korsvei vi har fått anledning til det. Det vil også gjøre om høstens valg gir et annet flertall, og KrF får styrke og gjennomslag for sine verdier og sin politikk.”
FRP må nok fri til KrF dersom dei dei ikkje kaprer nok stemmer saman med Høgre. Det kan verke som om dei allereie har tenkt tanken ved å snakke varmt om kontantstøtte og motsette seg den nye ekteskapslova (to viktige saker for KrF). FRP har også holdt dørene opne for eit mogleg samarbeid med alle parti på borgarleg side.
Venstre vil ikkje støtte FRP. Seniorrådgjevar i Venstres stortingsgruppe, Atle Hagtun, skriv dette:
Dersom de rødgrønne mister flertallet, vil det være duket for en mindretallsregjering. Venstre vil kunne danne regjering med Høyre og andre sentrumspartier ( I praksis Kr F).
Alle andre alternative vil Venstre være i opposisjon til.
Konklusjonen blir at KrF sine stemmer havner hos Høgre/FRP dersom det er nødvendig for å sikre overtak mot dei raudgrøne. Venstre vil gå i opposisjon til FRP og dei raudgrøne, som i praksis betyr at dei går i opposisjon uansett.
London 09
juni 14, 2009Det heile byrja som ein idé i jula. Britney Spears hadde nettopp annonsert ein europaturné med stoppested London i juni 2009 og det passa svært godt til å markere at Wenche faktisk har slitt seg gjennom 5 år med juss
Dei to dagane vi var der gjekk altfor fort, men her er nokre evigvarande blinkskot av turen.
HOS MADAME TUSSAUDS
ANDRE SERVERDIGHEITER.

Posta av johnivar
Posta av johnivar
Posta av johnivar 








